hareid_il_logo_135.png









 

deltakerliste fjelltrim 2017

wp_20161218_12_43_09_pro.jpg
Her er lista over deltakerer i Fjelltrimmen 2017
deltakarliste_fjelltrim_2017.pdf

Post 17

17_nyhjarbryggjeneskilt.jpg

Post 17.
Leifen hadde ein beskrivelse av turen i Vikebladet. Mange alternativ.
Det kortaste alternativet er å parkere ved Hjørungavåg skule og følge vegen oppover. Der er god merking, og det var lett å finne fram.

bryggjetur-i-hj_rungav_g-14584235.htm

Post 13 og 14.

13_18527733_420873891620246_836826924562173224.jpg

Her er kart som viser vegen til postane 13 og 14.
Om ein kjem opp Bondebakkane er det kortare å gå opp til Holstadhornet (post 13) om ein krysser elva og går mot hyttene som ligg nedanfor Holstadhornet. Sjølvsagt etter at ein har gått til høgre å tatt post 14. Der er rås sjølv om den ikkje viser på kartet her.

Post 23. Dimnaneset.

23_18157361_1425653087498223_81608893084702128.jpg

Denne posten ligg på ytre Dimna. Der er bilveg eit stykke utover, men denne er privat og går gjennom eit tun, så vi oppmodar folk om å parkere ved grendehuset. Frå parkeringsplassen til krysset mot Ytre Dimna er det ca 250 meter. Frå krysset går ein 1 km etter veg/skogsveg før ein går rås siste kilometeren. Ikkje følg råsa rett fram, men mot høgre. RÅSA GÅR GJENNOM SKOG I STARTEN. Råsa er myrete og våt, så ha godt fottøy. Posten ligg på ei høgde før ein kjem heilt ut til fyret. Total lengde på turen ca 5 km.

Post 10

10_18193689_414689338905368_894949075743971140.jpg

Eit lite tips til post 10. Råsa på kartet er ikkje mørdarbakken to. Men går ein mørdarbakken to kan ein etter oppstigninga finne pil og rås til posten. Pila står vel 100 meter bak pumpehuset.

POST 3 Saudebønakken.

03_18447029_420873051620330_652760206518932068.jpg

Kartet viser to råser til posten.No er det merka rås frå Hola opp Saudebønakken og bort til/rundt Sætra. Det er ei bratt rås med god utsikt. Er planar om tau/kjetting på dei brattaste partia, men det går godt an å gå uten. Bratt, men ikkje luftig. Vegen opp ytredalen er smal, så unngå å parkere langs vegen. Enten kjøyrer ein heilt opp til vassverket og går litt ned igjen, eller ein kan parkere ved skulen.

Post 26 og 28.

26_18342781_1440246226038909_46824829049289611.jpg

Berre eit lite tips. Det er veldig fint å gå frå Havåg. Ein går opp vegen ved den lange løda. Der kjem ein til eit skilt i utkanten av ein plen. Ein går mot skogen, og deretter er det god rås heile vegen til Blåtinden. Det er parkering ved eit kvitt hus på nedsida av løda, der har i alle fall eg fått lov til å parkere. Blir brukt som fritidsbolig.

post 19, Hjørungneshornet

Dei fleste køyrer opp til tunet som er å rekne som privat. Eg vil derfor oppmode alle til å parkere på holdeplassen ved postkassestativet.

Post 24 og 25

25_18301602_1433293583400840_47291743606573476.jpg

Det er fleire alternativ for å gå til Gardnestua og Flåna, ein kan parkere ved Løset og fylgje skiltinga derfrå i retning vestover. Eit anna mykje brukt alternativ er å starte frå vegen som går frå Hareidseidet og til Fjelle.
Her er det minst 2 rås alternativ, som begge går via Hasundhornet. Derfrå går ein i sørleg retning opp til Flåna (613) der post 24 er plassert. Vel ein å ta post 25 på same tur, noko som kan vere fornuftig, så er det berre å traske vidare i søraustleg retning mot Gardnestua (654). Vidare går ein i sørvestleg retning mot Ringstadhornet (569). Ein vil få auge på post 25 før ein kjem til sjølve Ringstadhornet.
Der er 3 andre alternativ som er mindre nytta, men er slett ikkje eit dårleg val. Start frå bustadområdet på Ytre Haddal, nærmare bestemt mellom Spelhaugen 9 og 11. Råsa er godt rydda å merka og går oppover mot etter kvart nordaustleg retning etter ein er komen opp til fjellryggen nær Blåura. Dette er kortaste og raskaste veg opp til Ringstadhornet.
Det andre alternativet er å gå opp frå Gardnes. Her er stor parkeringsplass ved rundkøyringa. Kryss over vegen mot Haddal og fyl skilta og merka rås oppover mot Gardnesvatnet, og derifrå vidare til Flåna og Ringstadhornet om ein vil ta begge postane på same turen. Det tredje av dei mindre brukte alternativa er å gå frå Gardshol (lomme ved fylkesvegen nord for Gardsholhaugen) og austover mot skaret mellom Hasundhornet og Flåna. Ein kjem då opp til råsa mellom Hasundhornet og Flåna, så er det berre å fylgje denne vidare sørover mot Flåna

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL