hareid_il_logo_135.png









 

Nytt rekordår for fjellorienteringa

Stadig fleire sluttar opp om i fjellorienteringa til Hareid IL Trim, som i år vart halde for 27. gong. Her riggar trimleiar Bernhard Harkjerr premiebordet ved ei tidlegare premieutdeling.
Stadig fleire sluttar opp om i fjellorienteringa til Hareid IL Trim, som i år vart halde for 27. gong. Her riggar trimleiar Bernhard Harkjerr premiebordet ved ei tidlegare premieutdeling.

Trimgruppa i Hareid IL har lagt bak seg eit nytt år med rekord-deltaking i fjellorienteringa.

I år har 586 personar kjøpt kart, opplyser leiar Bernhard Harkjerr. Det er ein auke på 56 kart frå 2015-sesongen då det vart selt 530 kart. Året før (2014) vart det selt 485 kart. Talet på  deltakarar har berre auka år for år.
I dag 1. november går også fristen ut for å levere inn kart med tanke på å få premie ved premieutdelingsseremonien seinare i november.
Erfaringar viser at om lag 60 prosent av dei kjøpte kartmappene blir innleverte med tanke på registrering og premiering.
Aktiviteten vart halden for 27. gong i år.

premieutdeling fjellorientering 2016

_lesund-20110619-00207.jpg

Vi har premieutdeling for fjellorienteringa 2016 på Hareid klubbhus torsdag 17. november klokka 18.
Det vert delt ut årspremiar og 5-, 10-, 15-,20- og 25-årspokalar.
Evaluering av postane og ei lita matykt etter utdelinga.
Velkomne!

fjellorientering 2016, avslutting

hareidlandet_2016.png

Vi minner om innlevering av karta, som må skje innan 31. oktober. Postane vil stå ute tilogmed søndag den 16. oktober.

Karta kan leverast til
Leiv Arne Grimstad i Solsteinen 18 eller til
Marianne V. Teigene i Hareidsvegen 137, der ein kan legge karta i gardsbutikken.

Sermonien med premieutdeling vert den 17. november klokka 18:00.

resultatliste fjelltrimmen 2016

Merk at alle som har delteke i fjelltrimmen er med på lista. Dei som er i utheva skrift har vore med i år.

fjellorientering_2016_-_endeleg.pdf

Fjelltrimmen 2016

131058_thumb.jpg

Kart til fjelltrimmen 2016 vert lagt ut for salg før helga.
På Hareid ligg karta hjå MX Sport og i Ulsteinvik på G-sport.
Prisen i år er som i fjor 100 kroner. Ta med kontanter når du skal kjøpe kart.

tips for post 26.

Turid Frøystad Leknesund: Hei, eg lure på om noken kan sei korleis eg skal kome meg til post 26?
Lars Sellereite: Kvar er 26?
Johannes Grimstad: Vi gjekk frå Blåtinden mot Kongsvollen men tok av ned mot Lausvatnet. Den ligger i nedre enden på vatnet.
Gunn Bente Drevland: Øvre del av vatnet. Nedre del vert vel på sida mot sjøen.

Tips for post 13

post_13.jpg
Gunn Bente Drevland: Post 13. Kattjønna. Gå opp skogsvegen på Rise. Når du kjem i enden av skogsvegen går du til venstre mot Kiberget. Der er merka med pinnar. Følg desse eit stykke framover før du tek til høgre inn i dalen. Vatnet ligg rett nedanfor "Kamelkaravana" eller "Indianarane" Terrenget er flatt så ein ser ikkje tjønna før ein er ganske nær.
Dagny Vartdal Ja den sleit eg med. Men eg gjekk opp I vik og over kiberget. . Då gjekk eg altfor langt mot rise.. om ein kjeme frå vik så er det lurt å begynne å gå ned til vatnet akkurat nedi dompa, før en begynner på trea/indianarane. Posten står i sånn vinkel at en ikkje ser den frå kiberget.
Ingrid Fugledal Engkrog Ein kan gå langs fjellsida frå Rise...gikk der på veg heim etter å ha teke posten...ikkje merka sti...men greitt å gå...

tips for post 23.

post_23.jpg

Post 23. Fleire alternativ. Kan gå opp frå Garneskrysset. Ved det orange huset er der merka rås (med merkepinne som ein ser frå parkeringsplassen) Ellers kan ein starte på den kortaste råsa mot Hasundhornet, men ta av mot Flåna. Når ein kjem over myrane går ein langs ein steingard i staden for å gå råsa opp mot Flåna. Fin sti med utsikt mot Dimna og Botnen. Ein kan også gå ned frå Flåna eller Garnestua om ein vil kombinere fleire toppa. Eller ein kan gå opp frå Gardshol og kombinere det med post 21. Mange alternativ

tips for post 25.

post_25.jpg

Gunn Bente Drevland. Post 25. Sjølv om posten ligg i enden av vatnet, er det å anbefale å følge denne råsa. Ta berre ein liten avstikkar ned til posten og følg så råsa vidare. Nede ved vatnet skal det være ei våt og dårlig rås i følge ein som gikk der i går. God tur

Tips for post 14.

Gunn Bente Drevland: Post 14. Parker ved golfbana. Derifrå går ein opp første veg til venstre for parkeringa og opp til eit tun og gjennom tunet. Skogsvegen startar rett etter tunet. Tur/retur 4 km frå parkeringa.

tips for post 15.

Post 15:
Gunn Bente Drevland: For dei som vil ha ei alternativ rute opp til Hovdenakken kan eg anbefale turen frå Hovden. Det er satt opp merkepinnar frå tunet der råsa startar. Der er merka med kvite band gjennom heile skogen. Råsa er ikkje tydelig alle stadar, men om ein følger merkinga vil det etterkvart bli trakka god rås.

tips for post 1.

Dagny Vartdal: Flotte tur til Buhammaren i kveld. Sola skein.

Gunn Bente Drevland: Post 1. Vi har fått tilbakemeldingar frå turgåar at stien ut til Buhamaren var krevande i starten for folk med ekstrem høgdeskrekk. Vi snakka om dette på møte i går og vil presisere at alle turar er frivillige, og at kvar enkelt må vurdere kva dei er komfortable med. Uansett premie til dei med over 12 eller 19 postar, så ein kan velge vekk nokre turar. Det er mulig å gå høgre oppe, men vi kjem ikkje til å prioritere å merke alternativ rås.
Lena Kathrin Hansen: oh shit Uttrykksikonet frown:( jaja, prøve må ej iallfall Uttrykksikonet smile
Synnøve Riise: Dette var en av dei første postane mine og måtte snu. Vart mektig irritert og lurte på kor resten ta postane va, men d he hittil gått bra!

tips for post 21

post_21_skjermbilde.png

Post 21. Gå frå Gardshol. Står merkepinne ved vegen nær lomma på venstre side når ein kjem frå ulsteinvik. Ein kan også gå over Hasundhornet og ned til murane, men eg vil anbefale å gå frå Gardshol pga utsikta når ein snur seg bakover.

Marianne Teigene Gjekk tur 21,no i kveldinga,opp frå Garshol. Det var ein veldig fin tur,GOD rås,kvitveis,blåfiol,kusymre ,blomstrande blåbærlyng. Ikkje minst UTSIKT.Nydeleg tur i kveldssol:-))

tips for post 14

Unni Bergdal: Viss nokon er litt usikker på kvar dei skal starte for å finne post 14
Bernhard Harkjerr: Parkeringa til golfklubben. Ver venleg å parker her og ikkje lenger oppe i tunet.
Gunn Bente Drevland: Post 14. Parker ved golfbana. Derifrå går ein opp første veg til venstre for parkeringa og opp til eit tun og gjennom tunet. Skogsvegen startar rett etter tunet. Tur/retur 4 km frå parkeringa.

tips for post 9

Post nr 9. Ligge ikkje på Håbakknotten. Den raude prikken er plassert i/ved rås som går bak Håbakknotten og mot Brandal. Har fått nokre spørsmål vedrørande denne. Eit godt eksempel på at det er lurt å sjå på kartet før ein startar turen 😉

Tips for post 11

post_11_b.jpg
No er årets kart klare. Post nr 11 er desverre feilmarkert. I beskrivelsen står det "ved vatn" (og det er rett) så eg håper at folk finn den likevel. Gå opp til Lisjevatnet og fortsett til enden av nyevegen og vidare inn Osnesdalen. Ein liten idyll. Del gjerne slik at fleire blir oppmerksomme på dette


Ingrid Fugledal Engkrog: Veit du eg gikk heile Kiberget til endes og ned vegen på Rise idag etter post nr 11...men såg ikkje posten...eg trudde det var ved stimøte...so det lønner seg heilt sikkert å lese nøyaktig kartet før ein legge iveg...no har eg teke bilde av kartet og forklaring på mobilen min...so heretter har eg det å sjå etter når eg blir i tvil...jaja...då;; blir det ein ny tur på Risevegen...

Gunn Bente Drevland: Den ligge nede i dalen. Bak Kiberget. Fint fjellvær i dag så håpe du hadde ein fin tur uansett.
ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL