hareid_il_logo_135.png









 

Trimgruppa snur ved 30 fjellpostar

fjello.jpg
- Når vi kjem opp i 30 fjellpostar neste år, snur vi, lova Bernhard Harkjerr, leiar av trimgruppa i Hareid IL, under premieutdelinga for årets arrangement på Hareid klubbhus torsdag kveld.

Neste år blir den populære aktiviteten halden for 30. gong. Sidan arrangement nr. 25 har talet på postar auka med ein post kvart år. Men frå 2019 vil trimgruppa starte nedteljinga tilbake mot 25 postar.

Trimgruppa selde 470 kartmapper i år. Det er ein liten tilbakegang frå dei to siste åra, noko som enkelte trudde hadde å gjere med at det hadde vorte vel mange postar å ta.

Av dei 470 selde karta vart 242 innleverte for premiering. 99 av desse hadde alle postane. 35 av dei 242 deltok for første gong.

Jan Bigset er framleis den som har vore med flest gonger. Han har fått med seg alle 29 åra. Kveldens største pokal tilfall Bjørg Mong Korsnes, som no har delteke 25 gonger.

Elles fekk desse ”femårspokalar”:

20 års deltaking: Lidvar Hovden, Andreas Moldskred, Marianne Teigene.

15 års deltaking: Ådne Elvanes, Eldar Indreflø,. Kim Skeide, Einar Orten Trovåg, Ann Kristin Urke og Terje Urke.

10 års deltaking: Sandra Lynn Bjåstad, Kjell Dimmen, Irene Fjelle, Lillian Hovden, Oddveig Håbakk, Tor Håbakk, Karen Margrethe / Jon Kåre Mork, Kenneth Muren, Lars Bjørn Teige, Monica Teige, Magnus Teige, Torill Åker.

5 års deltaking: Oskar Alme, Lena Bakkejord, Karin Brandal, Lisbeth Brandal, Siw-Monica Brandal, Else Bakke Elvanes, Stig Engen, Kari Garnes, Ingfrid Grimstad, Emil Hareide Hammervoll, Lucas Leander Hovden, Marius Hovden, Tina Margrethe Krogseth, Grete Kristin Kvalsund, Einar Måseide, Hanne Røkke, Kirsti Skinnes, Svein Dag Slettebakk, Rolf Arild Topphol, Marianne Svendsen Vik.

Deltakarar til og med 15 fylte år fekk krystallar i premie, medan det til slutt vart trekt ut seks gåvekort a 500 kroner. Vinnarar av desse vart: Turid Engen, Ann Kristin Urke, Robert Ottesen, Lone B. Finvik, Karin Brandal og Kim Skeide.

fjellorienteringa 2018

20181023_0944_img_0019.jpg
Vi har premieutdeling for fjellorienteringa 2018 på Hareid klubbhus torsdag 15. november klokka 18.
Det vert delt ut årspremiar og 5-, 10-, 15-,20- og 25-årspokalar.
Evaluering av postane og ei lita matykt etter utdelinga.
Velkomne!

den stor styrkeprøva 2018

Den store Styrkeprøva 2018 er avlyst.
Etter vurdering av vermelding og forhold i terrenget ser vi at det vert vanskeleg å gjennomføre den Store Styrkeprøva i år. Vi beklager dette, men kjem tilbake med Den Store Styrkeprøva 2019.

den store styrkeprøva 2018

styrkepr_va_20turid_20og_20ingfrid.jpg

Søndag 23. september er det igjen klart for Den Store Styrkeprøva.
I år er det 20. gongen vi arrangerer turmarsjen.
Frammøte på Eiksund i god tid før klokka 10:00 då starten går. Påmeldinga foregår der frå klokka 09:30.
Det vert full og halv distanse.
For halv distanse kan ein starte enten på Eiksund eller på Alskleiva. På Eiksund er det start samtidig som full distanse, medan det i Alskleiva er start klokka 12:00. Påmelding der ifrå klokka 11:30.
Deltakaravgifta er kr.100 som kan betalast med VIPPS eller kontant.

f_lgeskriv_den_store_styrkepr_va_2018_v20.pdf
ruteskildring-_den_store_styrkepr_va.pdf

Vi er med:

24nyhtidsgjengen.jpg

Betre tider på Hareid

Hareidlandet Triatlon, Hareid Idrettslag og Hjørungavåg idrettslag har med sponsorhjelp frå Sparebanken Møre fått på plass eit felles elektronisk tidtakingssystem.

Utstyret kosta 135 000 kroner. Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL, vil forvalte utstyret som kan leigast. Slik håper idrettslaga at dei også kan få litt inntekter på utstyret, og fleire kan få glede av det.

Foreslår ny turveg

Turveg på Nordsida: Trimgruppa i Hareid IL slår eit slag for at det i samband med oppgraderinga av demninga ved Hammarstøylvatnet blir laga ein turveg på nordsida av Hammarstøylvatnet og vidare til Fjellsbrekkene.Foto: Anne Gry Eilertsen
Turveg på Nordsida: Trimgruppa i Hareid IL slår eit slag for at det i samband med oppgraderinga av demninga ved Hammarstøylvatnet blir laga ein turveg på nordsida av Hammarstøylvatnet og vidare til Fjellsbrekkene.Foto: Anne Gry Eilertsen

Ein turveg frå Hammarstøylvatnet og fram til ein ny parkeringsplass ved Fjellsbrekkene står høgt på ønskjelista til trimgruppa i Hareid IL.

Saka var til drøfting i trimgruppa 10. januar i år, og styret gav Andreas Moldskred fullmakt til å sende eit brev til Hareid kommune om saka.

Oppgradering ved Hammarstøylvatnet

Trimgruppa har fått vite at kommunen skal til med eit oppgraderingsarbeid ved demninga og inntaket til Hammarstøylvatnet. Og i samband med dette arbeidet meiner dei det hadde vore ypparleg om entreprenøren samtidig kunne lage ein turveg frå Hammarstøylvatnet. Ein veg som munnar ut i ein parkeringsplass ved Halsen på Hammarstøylen.

Slik som i utmarkene i Ulstein

-Trimgruppa ser føre seg at turvegen blir av same type som dei har fått til i utmarka i Ulstein, skriv Andreas Moldskred i brevet til Hareid kommune.

Med det Moldskred kjenner til har dei nye turvegane i Ulstein kome til når entreprenørselskap likevel har utført større utbetringar og anleggsarbeid i området.

Samanbinding av turveg- nettet på øya

-Ein turveg frå Hammarstøylvatnet vil verte til stor nytte, og kan brukast både av gåande, skigåarar og syklande, meiner Moldskred. Han peikar også på at ein slik veg vil vere med på å binde vegnettet på øya saman, og at han vil opne for eit nytt samband mellom områda og dei to kommunane. No finst det berre eit sykkelalternativ mellom vest- og austsida, fylkesveg 61 gjennom Hareidsdalen.

I dag finst det ein anleggsveg, som også blir nytta som turveg, frå Snipsøyrdalsvegen til demninga ved Hammarstøylvatnet. Vegen blir på folkemunne kalla «feittbrennaren» og er svært bratt.

– Vegen frå Halsen til demninga vil ha mykje mindre stigning enn frå Snipsøyrdalen, noko som også vil gjere det mogleg for rullestolbrukarar å bruke vegen, skriv Moldskred.

Ei investering i helse

Trimgruppa i Hareid IL meiner at tilrettelegginga av nye turvegar i Ulstein har ført til mykje meir bruk, og at desse vegane har blitt ei god og rimeleg investering for framtida i friskliv.

– Trimgruppa i Hareid IL er svært opptekne av tilrettelegging som fører til at fleire kan kome seg ut i naturen for å trimme. Vi ser at det trengst tilrettelegging på fleire hald, ikkje minst når det gjeld logistikk og tilgang på parkeringsplassar.

Nytt inntak

Ingeniør Øyvind Vassbotn i Hareid kommune opplyser at oppgraderinga ved Hammarstøylvatnet går ut på å få laga eit nytt inntak, og at dette ikkje skal bli synleg i terrenget. Arbeidet har ikkje starta opp, men der under prosjektering.

Brevet frå trimgruppa har nyst kome kommunen i hende, og har ikkje blitt tatt opp til drøfting enno.

premieseremoni for fjelltrimmen 2017

Unge fjellgeiter
Unge fjellgeiter

Unge lovande fjelltrimmarar samla etter ein velfortjent premieutdeling 16/11-17 på Hareid Klubbhus. Alderen på desse er frå 2-15 år. Ein flink og sprek gjeng

Premieutdling fjelltrimmen 2017

23517664_1633062226757307_2938589409673930992_.jpg
Det blir premieutdeling på Hareid Klubbhus torsdag 16.11.17 kl 18.00.

Nytt av året er at det berre blir delt ut krystall til dei under 15 år. I tillegg deler vi ut pokalar for 5,10,15 år osv. Det blir også trekt 6 gavekort på kr 500. Tre gavekort på førehand og tre blandt dei frammøtte.

VEL MØTT.
Aktuelle nettstadar.
cecilie_skog_og_alex_gamme.jpg
Her er link til UT.NO som vi ofte ser reklame for på fjernsyn for tida:
http://ut.no/
ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL