Velkommen til nye nettsider for Hareid IL

Ved å klikke på linkane kan du gått dei ulike avdelingane.

HAREID DRETTSLAG:

Hareid Idrettslag (H.I.L) vart skipa under eit folkemøte på Trudvang 28. desember 1922.
Laget vart heitande Hareid Turnlag fordi det begynte med turn, men der var også skiaktivitetar den første tida. Ungdomen dreiv med aktivitetar i Trudvang utover hausten, som vart avslutta med turnfest eller korgafest før jul. Etter nyttår var om lag alle karar ute på fiskeri. Det var berre menn som dreiv turn første tida. Først etter krigen kom damene med, både med turn og handball. Fotballen kom også i skikkelege former etter krigen, i 1946. Hareid stadion stod klar då, med grus. I 1968 fekk stadion gras og friidrettsbaner. Seinare har det vore bygt grusbaner - og våren 2007 blei den nye kunstgrasbana opna - parallelt med Hareid stadion. Hareid har i dag eit godt lag i 3. divisjon. Handballen kom i gong i 1946 med damelag og var kretsmeistrar i øvste klasse fleire gonger på 50 talet. I dag er der fleire jentelag. Friidrett var svært aktive frå starten av 60 talet, og har vore det sidan. 2 Norgesmeistrar og OL deltakarar har friidrettsgruppa fostra på 70- og 90 talet. Badmintongruppa vart etablert i 1964 og trimgruppa i 1978, og til sist skeisegruppa i 1999.
Det første klubbhuset vart bygt i 1950, ei gamal brakke som vart flytta frå Kvitneset. Ho vart brukt til mange idrettar, ikkje minst fotball innandørs. Denne brann ned til grunnen hausten 2008.
I 1988 fekk H.I.L. nytt klubbhus med selskapslokale, og det ligg i flukt med Hareidhallen. H.I.L har stått for bygging av 2 ballbingar (ved Bigset- og Hareid Skule), samt rulleskeisebane som kom i 2005. Hareid kommunestyre vedtok 2008 full oppgradering av Hareid Stadion med moderne friidrettsbaner og nytt grasdekke, noko som vil spesielt lyfte friidretten. I tillegg til dette er også prosjekteringsarbeid for fleirbrukshall igong. Hareid har flotte sentrumsnære tomter for dette formål. H.I.L hadde i 2008 omlag 520 betalande medlemmar, og snart like mange aktive. 440 av dei aktive medlemmane er under 20 år. Vi ønskjer fleire velkomne framover.